Komplekse problem, spesialiserte kunnskapar: Kva må gjerast?

16.01.2020 10:00 - English

Gunnar Skirbekk (UiB) og Nils Gilje (OsloMet) om kunnskapen vi treng for å handtere de store utfordringane verden står overfor.

MERK: Møtet finn stad i Christie café (Godt brød).

Berekraft-krisa er kompleks. Ingen ekspertise eller disiplin kan åleine gjere greia for det som er i ferd med å skje. FNs berekraftmål er ein illustrasjon på alvoret i denne epistemiske utfordringa: I samfunn der kunnskapen blir stadig meir spesialisert, er det meir enn nokon gong bruk for kompetanse i omsetjing mellom vitskaplege kulturar og for refleksjon over faga sine føresetnader og begrensningar.

Møteleiar: Anders Johansen (UiB)


Gunnar Skirbekk
er professor emeritus ved Filosofisk institutt og Senter for vitskapsteori, UiB. Han har nyleg utgitt boka Epistemic Challenges in a Modern World (2019).


Nils Gilje
er professor emeritus knytt til Senter for profesjonsstudiar ved Oslomet.

Denne debatten inngår i ein serie møte av relevans for UiBs engasjement med FNs berekraftmål, og blir arrangert i samarbeid med Forum for vitskap og demokrati og SDG Bergen.

Alle er velkomne!

Go to webpage

Event info.

Bergen Global
Jekteviksbakken 31, Bergen

16.01.2020
10:00
English
Add to calendar 16.01.2020, 16.01.2020

Bergen Global is a joint initiative between the University of Bergen and Chr. Michelsen Institute that addresses global challenges.