A joint initiative between the University of Bergen
and CMI – Chr. Michelsen Institute
Gilda Seddighi (Norce), Liv Tønnessen (CMI/LawTransform) og Anne Bang (UiB)
Merk: Arrangementet er i Bergen Globals lokaler i Jekteviksbakken 31.
Det er også mogleg å følge med digitalt på Zoom. Gratis frukost vert servert i Jekteviken.
Kvinnelege revolusjonære i Sudan og Iran har fanga verdas merksemd dei siste åra.
Alaa Salah vart ikonisk under revolusjonen i Sudan i 2019. Ho var langt frå den einaste, og kvinner leia demonstrasjonar over heile landet. Hausten 2022 utløyste Mahsa (Jina) Aminis dødsfall i politiets varetekt store protestar i Iran, og kvinner held fram med å høglytt krevje regimeendring.
Kva roller har kvinner spelt i demonstrasjonane i Sudan og Iran? Korleis balanserer dei religion og tradisjon med revolusjon? Og kva innverknad har faktorar som alder, etnisitet og klasse?
Vi har invitert to forskarar som kjenner Iran og Sudan godt, Gilda Seddighi (Norce) og Liv Tønnessen (CMI/LawTransform). Professor Anne Bang (UiB) vil leie samtalen.
Arrangementet er del av programmet tilKvinnefesivalen i Bergen.
Panel:
Gilda Seddighi er seniorforskar ved NORCE. Ho har doktorgrad i kjønn og mediastudier, med forskarinteresser innan representasjonar av kjønn og konstruksjonar av identitet og opinion i digtale media og digitaliseringsprosessar.
Liv Tønnessen er seniorforskar ved CMI/Center on Law and Social Transformation. Ho er statsvitar med kjønn og politikk i Midtausten og Nord-Afrika som hovudfelt, og har spesialisert seg på sudansk politikk.
Anne Bang er professor i historie ved UiB. Ho har islamsk historie som hovudfelt, med særleg fokus på muslimske samfunn i Aust-Afrika og områda rundt Indiahavet.