A joint initiative between the University of Bergen
and CMI – Chr. Michelsen Institute
Thor Olav Iversen (UiB) i samtale med forskar Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet).
Kva alternativ ligg på bordet for å bekjempe svolt i 2023?
Eitt år etter invasjonen av Ukraina er den globale matsikkerheitssituasjonen stadig prekær. Matvareinflasjonen er høg i Noreg, men slår langt hardare ut i fattige land. Dei siste åra har ein sett eit dramatisk oppsving i bruk av svolt som våpen i krig – særleg i land som Jemen, Etiopia og Syria. Samstundes vurderer FN-organisasjonar å erklære hungersnaud på Afrikas horn.
Stipendiat
Thor Olav Iversen
(UiB) møter forskar
Cecilie Hellestveit
(Folkerettsinstituttet) til ein samtale om hungersnaud og den internasjonale matvaresituasjonen i 2023. Saman skal dei mellom anna drøfte kva juridiske og politiske verkemiddel som ligg på bordet for å avhjelpe hungersnaud.
Samtalen finn stad hos Bergen Global i Jekteviksbakken 31 (ingen streaming).
Foto:
graffoto8 / iStock